Den fyrste song eg høyra fekk, 

var mor sin song ved vogga. 

Dei gode ord til hjarta gjekk. 

Dei kunne gråten stogga.

 

Dei sulla meg så inderleg. 

Så mjukt, så vent te sova. 

Dei synte meg ein fager veg 

utav vår vesle stova.

 

Den vegen ser eg enno tidt 

når eg fær auga kvila. 

Der stend ein engel, smiler blidt, 

som berre ei kan smila.

 

Og når eg sliten trøytnar av, 

i strid mot alt som veilar. 

Eg høyrer stilt frå mor si grav, 

den song som all ting heilar.